Nettstudiet i Kommunikasjonsarbeid ved Høgskulen i Bergen er i gang - og eg har oppretta blogg!
Her kjem eg til å legga ut diverse tekstar, av ulik form og kvalitet. Nokre vil vera direkte knytt til studiet, og nokre kan vera av meir tilfeldig karakter. Det dei har felles, er at dei inngår i mitt personlege prosjekt med eit klart mål om å kvitta meg med skrivefrykt, overvinna skrivesperre og slik bli ein god og trygg skribent. Slå den!